Skatt vest informerer seljarar.

Vi i Skatt vest vil minne dykk om regelverket knytt til nokre sentrale område.

1) Reglar om kontantsal.

Sel du kontant må du ha eit kassasystem som tilfredsstiller krava i bokføringsreglane. Frå 1. januar 2019 må brukarar av kassasystem nytte eit produkterklært kassasystem. Kontantsal er definert som sal der kjøparen betalar for vara eller tenesta når han tek imot henne. Dette gjeld både når betalinga skjer i form av kontantar, bankkort eller ulike betalingsløysingar på mobil (for eksempel Vipps).

https://www.altinn.no/nn/starte-og-drive/rekneskap-og-revisjon/regnskap/rekneskapen/

 

2) Reglar om personallister.

Frå 1. januar 2014 blei det innført reglar om føring av personallister blant anna for dei som i næring driv serveringsstad, cateringverksemd, gatekjøkken eller anna verksemd der ein lagar mat som blir levert til kunden eller der tillaga mat blir henta på forretningsstaden. Dersom regelverket gjeld for di verksemd, bør du sette deg inn i dette.

Personallister bestilles enkelt på Skatteetaten.no. De kan lese mer om reglane her:

https://www.skatteetaten.no/bedrift-og-organisasjon/arbeidsgiver/personalliste/

 

3) Reglar om registrering i meirverdiavgiftsregisteret.

Hugs at både norske og utanlandske næringsdrivande med ein omsetnad på over kr 50 000 i løpet av ein 12-månadersperiode må betale meirverdiavgift av omsetnaden. Du kan lese meir om reglane her:

http://www.skatteetaten.no/no/Bedrift-og-organisasjon/avgifter/merverdiavgift/

 

Dersom noko er uklårt for dykk i samband med regelverket knytt til bokføring, løn, skatt eller meirverdiavgift, finn du kontaktinformasjonen vår her:

https://www.skatteetaten.no/kontakt/skriv/?13887=0

 

Vi ønskjer dykk alle lykke til med arrangementet!

Med helsing

Skatt vest

Koordinator for marknaden: Mona Jacobsen

E-post: post@lustramarknaden.no

Telefon: 41006166

Organisasjonsnummer: 821 671 442

post@lustramarknaden.no

Gaupne, Luster, Sogn og Fjordane

© 2019 by Lustramarknaden