top of page
Utstilllar på marknaden? Her finn du alt
du treng av informasjon
.
Påmeldinga for å vere med som utstillar for 2026 er no stengt. 
EE5E9C2F-F730-4347-8FF5-18581D5191C6.jpg

PÅMELDING OG BETALING
Du vil få tilsendt ein faktura når du har sendt inn påmeldingsskjema. Hugs å betale denne før fristen!​

RIGGING

For dei som skal delta på marknaden fredag må rigg vere klar til kl 16.00. 

 

Rigging laurdag må skje mellom kl 08.00 og 09.45.

 

Marknadsområdet vert stengd for innkøyring kl 09.45, så alt må vere klart til då. Alle bilar for utstillarar som ikkje skal ha bil som del av utstillinga må parkere på henvist område, all informasjon om dette finn de i e-post me sender ut til alle utstillarar. 

Hugs å sjekk vêrmeldinga og forbered stand og deg på det.
 

STRAUM

Luster Energiverk leverar straum til marknaden. Ta med 20-25 meter skøyteledning dersom du treng straum og har bestilt dette. Dersom du ikkje har meldt frå at du treng straum, men treng alikevel må du ta kontakt.​

 

SIKKERHEIT

Røde Kors har stand og beredskapsvakt under marknaden, de finn dei i småbodområdet. 


For medisinsk hjelp ring legevakten på tlf 116117.


Ved behov for akutt hjelp, kontakt nødsentralen på 113.

AVFALL

Lustramarknaden kildesorterar og her treng me hjelp frå alle. Me har fleire avfallsdunkar frå Sirkla Ressurs som er plassert på området. Her vil  det stå dunkar for restavfall, plast, papp/papir og matavfall. Ha avfallsdunk tilgjengeleg på stand ved behov og sorter avfallet i dei ulike dunkane etterkvart. Takk for at de hjelper oss å halde marknaden ryddig og rein. 

Me ynskjer minst muleg bruk av eingongsplast på marknaden.

Alle påmelde utstillarar vil få e-post i god tid før marknaden med plassering av avfallsdunkar, vasstankar og nøyaktig plassering for din stand.

Våre sponsorar:
Lusterkommune_logo logo.png
LSP_logo.png
Pyramiden Senter Logo.png
avery-dennison-ntp-logo-red.png
Lerum_Logo.png

KONTAKT​ OSS

Rådhusvegen 5 
6868 Gaupne

lustramarknaden@gmail.com
telefon: 45 23 09 28

 

  • Instagram
  • Facebook
bottom of page